Framdrift

I Hordaland hadde Memoar i 2017 og 2018 eit regionalt krafttak-prosjekt. Det fekk midler frå Hordaland Fylke over ordninga Kulturelle utviklingsprosjekt i november 2016 og november 2017.  Prosjektet hadde avgjerande betyding for utviklinga av Memoar dei fyrste åra. 

Prosjekthistorikk: 
Juni 2016 - søknad til Hordaland Fylke - "Krafttak for munnleg historie i Hordaland"  (Tilsagn i november 2016: 200.000,-)
Juni 2017 - halvårsrapport med ny søknad til Hordaland Fylke                                        (Tilsagn i november 2017: 170.000)
Juni 2018 - Halvårsrapport juni 2018 med ny søknad til Hordaland Fylke.                     (Avslått i november 2018) 
Februar 2019 - Sluttrapport 2018

Prosjektet har resultert i fylgjande nettsider: 


Meldingane nedanfor er no (frå 2019) rein historikk:
Infrastruktur:

Siste om infrastrukturutvikling:

  • 27/7-17: Stor - men "usynleg" omlegging av nettsidestrukturen I løpet av nokre lange sommardagar har me bygd om nettsidestrukturen på både publiseringssidene og internsidene til Memoar.  Me valde å gjera det i fellesferien, ut frå den teorien at ...
    Lagt inn 28. juli 2017, 01:06 av Ukjent bruker
  • 12/6-17: Hordaland sitt andre intervjustudio opnar i Sund SUND:  12.juni (2017) starta det andre offentlege intervjustudioet i Hordaland. Frå no og dei næraste vekene kan alle innbyggarane i Sund ta med seg slektningar, naboar, arbeidskameratar eller kven ...
    Lagt inn 27. juni 2017, 23:53 av Bjørn Enes
  • 29/5-17: Os sogelag gjennomfører sine fyrste opptak I helgja 26-29 mai lånte Os Sogelag kamera, stativ og minnekort for å gjennomføra sine fytrste intervju. Opptaka er kopiert over på Os sogelag sin eigen disk og er ...
    Lagt inn 5. juni 2017, 23:04 av Bjørn Enes
  • 24/5-17: Sund Bibliotek / Sund Sogelag gjer sine fyrste opptak Onsdag 24. mai flytta Memoar sitt Drop-inn-studio frå Bergen til Os Folkebibliotek, og gjennomførte to intervjuopptak i samarbeid med biblioteket og kommunen si kultureining. Forteljarane var Johannes Høyland ...
    Lagt inn 5. juni 2017, 23:03 av Bjørn Enes
  • 22/3: Kva kostar eit bibliotekstudio? I diskusjonane med kultureininga / biblioteket i Sund kommune, vart Memoar oppmoda til å gi eit råd om kva eit intervjustudio i Sund bibliotek bør kosta. Forslaget vil vera interessant også ...
    Lagt inn 23. mars 2017, 04:13 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 5 av 12. Vis mer »


Målsetjingar - infrastrukturutvikling:
Studio: Videreutvikle Studio 1 i Bergen og aktivitetane rundt det.
Kjøpe og drifte eit mobilt intervjustudio som kan lånast og leigast ut til prosjekt, bibliotek, lokalarkiv, historielag, musé eller andre som vil forsøke å starte innsamling av munnleg historie. Arkiv

Arkiv: Etablera og drifta eit mellombels arkiv for munnleg historie
Arbeide med lokale, regionale og nasjonale arkiv for å få etablert eit eller fleire offentlege arkiv for munnleg historie Publisering;

Publisering: Drifta og vidareutvikla nettsida www.Memoar.no og undersidene ( Sjofart.Memoar.no, Bergen.Memoar.no, Industri.Memoar.no, Motkultur.Memoar.no etc).

Ta del i samarbeid om å utvikla av Minne.no og / eller andre arkiv og delingsmedium som kan verkeleggjera visjonen vår om eit medium for munnleg historie i Noreg.

Kompetanse


 

Siste om kompetanseutvikling:

  • Memoarkonferansen 2018 Då er det avklart: Ambisjonen om å arrangera ein konferanse for å styrka samarbeidet mellom ulike organisasjonar og fagmiljø sitt arbeid med munnleg historie, vert realisert alt i 2018. Datoen ...
    Lagt inn 24. okt. 2017, 01:11 av Bjørn Enes
  • 18/8-17: Ny bloggpost om munnleg historie som immateriell kulturarv. Bjørn Enes publiserte ein ny bloggpost der han argumenterer for at munnleg historie om industri og sjøfart er immateriell kulturarv, på same måte som munnleg historie frå jordbruket er det ...
    Lagt inn 18. aug. 2017, 23:01 av Ukjent bruker
  • 27/1-17: Oppsummering av pilotkurs i samarbeid med Bymuseet I dagane 9., 16 og 26. januar 2017 gjennomførte sju medarbeidarar i Bymuseet og Bjørn Enes frå Memoar samlingar etter eit "intensiv-opplegg" av Memoar sitt introduksjonskurs til praktisk arbeid ...
    Lagt inn 28. jan. 2017, 02:20 av Bjørn Enes
  • 15/11-16: Ny bok om minneteori frå Ingar Kaldal Professor Ingar Kaldal (NTNU) kjem i november -16 med boka "Minner som prosesser i sosial- og kulturhistorie" på Cappelen forlag. Dette er ei viktig hending i utviklinga av munnleg historie ...
    Lagt inn 14. nov. 2016, 00:16 av Bjørn Enes
  • 14/11: Diskusjon om kompetanseutvikling saman med større museum Memoar har i dag foreslått eit konkret samarbeid med eit større museum i Hordaland. Forslaget er resultat av ein disusjon over telefon i førre veke. Det går kort fortald ut ...
    Lagt inn 13. nov. 2016, 23:36 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 5 av 6. Vis mer »



Målsetjingar - kompetanseutvikling:
Fagutvikling: Å utvikla ein debatt om forståing og prakisering av omgrepet "munnleg historie":
Me ynskjer å gjennomføra ein nasjonal workshop om dette hausten 2016, og fylgje opp med faglege arrangement seinare i prosjektperioden. 

Kurs: Å utvikla og arrangera to slags introduksjonskurs til munnleg historie:
◦ Eit kort og praktisk innføringskurs for nybegynnerar om å bruke intervjustudio, arkiv- og publiseringsløysing.
◦ Eit grundigare introduksjonskurs for profesjonelle (tilsette i arkiv, bibliotek og museum, frilansarar etc), aktive medlemmer av Memoar og/eller andre organisasjonar.

Etikk/juss: Standardiserte samtykkedokument:
◦ I prosjektperioden vil me utvikla og ta i bruk eit avtalesystem som slår fast at det er forteljaren (den som vert intervjua) som er eigaren av ytringa og som bestemmer korleis ho skal kunne delast og/eller brukast (kva for creative commons-lisens som skal gjelde).

Dokumentasjon: Kvalitetssikre dokumentasjonsmetode:
◦ Det trengst ei kritisk evaluering, revisjon og standardisering av denne metodikken. Amb.
• Emneordstagging:
◦ I løpet av prosjektperioden ynskjer me å emneordstagga alle opptak i det mellombels arkivet, og å laga ei rutine for emneordstagging av alle nye filar.

Bruksmåter: 
Me vil gjennomføra minst eit prosjekt saman med eit museum der utdrag av munnlege minneopptak blir brukte som element i utstilling.
• Geotagging: Me ynskjer me å gjennomføra minst eit prosjekt der me samlar munnlege forteljingar for bruk i ein mobil applikasjon der brukaren automatisk får opp utdrag av forteljingane på nettbrett/telefon når ho/han nærmar seg det punktet som forteljinga handlar om.

 Publikumsarrangement 
Me vil gjennomføre  fleire publikumsarrangement med formidling av munnlege forteljingar om levd liv. 

Kunnskapsdeling: Erfarings- og kunnskapsdeling gjennom blogg. Bloggen Framdrift.Memoar.no kan vere starten på arbeidet med ei norsk handbok for munnleg historie.

Organisasjon 




Siste om organisasjonsutvikling:

  • Stor og brei aktivitet i Hordaland hausten 2017 23. oktober vart den lokale nettsida Nordhordland.Memoar.no presentert på eit fellesmøte mellom Memoar, Radøy Sogelag og Radøy Bibliotek. Temafor møtet var munnlege krigsminne frå Radøy og Meland. Det ...
    Lagt inn 24. okt. 2017, 01:03 av Bjørn Enes
  • 19/8-17: Vervekampanje startar I På styremøte for sommaren bestemte Memoar å gjera eit arbeid for å styrka organisasjonewn i hauyst.  I løpet av sommaren utvikla me ei presentasjonsbrosyre. Den vart trykt opp i ...
    Lagt inn 18. aug. 2017, 22:37 av Ukjent bruker
  • 1/6-17: Memoar søker om å forlenga KUP-prosjektet med to år Som det vart signalisert i søknaden i 2016, rekna Memoar med at det vil trengast meir enn eitt år for å byggja opp infrastruktur, kompetanse og organisasjon rundt munnleg historie ...
    Lagt inn 19. juni 2017, 22:09 av Bjørn Enes
  • 9/3-17: Spennande samarbeidsidear i Sund Referat frå møte i Sund 9. mars 2017 Møtet var kome i stand etter avtale mellom Laila Klemetsaune (leiar av kultureininga i Sund) og Bjørn Enes (leiar av Memoar). I ...
    Lagt inn 9. mars 2017, 05:09 av Bjørn Enes
  • 14/2-17: Alle bibliotek og sogelag i Hordaland fekk tilbod om å låne mobilstudio Etter at mobilstudio no er på plass, er det klart for å utvida arbeidet med minnesamling til resten av Hordaland. Derfor sende me fylgjande brev til alle bibliotek og sogelag ...
    Lagt inn 21. feb. 2017, 22:05 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 5 av 9. Vis mer »



Målsetjingar -  organisasjonsutvikling::
Prosjektorganisering: Saman med faglege, sivile og gjerne kommersielle organisasjonar skal me utvikla fleksible og effektive samarbeidsmåtar gjennom minst seks minnesamlingsprosjekt med videointervju av primærkjelder. Aktuelle prosjekt er:
Hordaland: Å bygge fagleg og organisatorisk nettverk i Hordaland med
  • andre frivillige organisasjonar. 
  • Biblioteks-, arkiv- og museumstilsette, private stiftingar, fond, organisasjonar og kulturnæringar, 
  • Forskarar, akademikarar og kunstnarar er også viktige i det regionale nettverket. ​
Noreg
  • Bygge ut Memoar som sjølvstendig organisasjon.
  • Utvikla eit norsk nettverk for munnleg historie og minnekultur
Internasjonalt:
  • Videreutvikla kontakten med Oral History Society i Storbritania og Oral History Association i USA og tilsvarande.