Utvikling av munnleg historie ("oral history") i Hordaland
Me som lever no er dei fyrste generasjonane i historia der "vanlege folk" kan leggja etter seg munnlege uttrykk i lyd- og biletformat i stort omfang. Dei nye opptaksteknologiane - magnetofonen frå 1930-talet, kasettspelaren frå 1960-talet og dei digitale lyd- og videopptakarane i vår tid - er forklaringa på ei spennande utvikling innan historie, kulturvitskap, samfunnsfag og frivillig kulturarbeid. Internasjonalt har det vakse fram eit nytt fagområde som har fått namnet "oral history".Me manglar eit motsvarande omgrep på norsk, for utviklinga her har enno ikkje kome skikkeleg igang. Det er dette me har tenkt å endra med vårt prosjekt. Me vil gjennomføra eit krafttak for å utvikla infrastruktur, kompetanse og organisasjon i Hordaland. I løpet av prosjektperioden skal me setja munnleg historie ("oral history") på dagsorden og gjera Hordaland til eit foregangsfylke på feltet.
Bakgrunn:
Den ideelle organisasjonen Memoar vart stifta i Bergen i juli 2015 med formål å "fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv". Gjennom det fyrste oppbyggingsåret har me prøvd ulike måtar å verkeleggjera denne visjonen på.
Me har initiert og organisert to mellomstore innsamlingar av munnlege minneforteljingar, den eine saman med Sjøfartsmuseet i Bergen, den andre saman med fagforbundet Industri Energi.
Me har eksperimentert med nye metodar for dokumentering og katalogisering av munnlege minneforteljingar.
Me har forsøkt å avlevera dei munnlege forteljingane til lokalt, regionalt og nasjonalt arkiv. Det innsynet dette har gitt har me brukt til å laga ei privat arkivløysing i "nettskya" som me ynskjer å utvikle slik at innhaldet kan overførast direkte til offentgleg arkiv når eit (eller fleire) slike kan ta mot munnleg materiale.
Me har arbeidd saman med eit bibliotek for å prøva ut intervjustudio som nytt bibliotekstilbod (Bergen hovedbibliotek).
Me har laga og prøvd ut ein pilot på nettmedium - www.memoar.no - der forteljarar som ynskjer det kan publisera / dela sine forteljingar. (Per juni 2016 har me bistått 27 forteljarar med å publisera omlag 40 timar med munnlege forteljingar).
Me har forsøkt ut formidling av minneforteljingar som publikumsarrangement i samarbeid med eit bibliotek og eit museum.
Saman med eit idrettslag (Djerv) har me gjort eit forsøk med formidling av lokal forteljarkultur gjennom geotagging til ein mobil applikasjon, der utdrag av munnlege forteljingar kjem automatisk opp på nettbrett eller telefon når brukaren går ei vandringsrute.
Og me har laga og forsøkt ut eit kurs som skal gjere det lettare å starte som minnesamlar.
Alle desse aktivitetane har fungert som eit forprosjekt. No ynskjer me å bruke erfaringane i eit hovudprosjekt som kan utvikle alle desse ideane og pilotane til "ferdig" infrastruktur, kunnskap og organisasjon. Denne søknaden skildrar eitt års arbeid. Me trur nok at det trengs ein lengere prosjektperiode, men me vil sjå resultata av dette fyrste året før me tek stilling til om me vil søka om forlenging.
Før me går inn på det konkrete prosjektet,
ynskjer me å fortelja kvifor me meiner at visjonen vår
samsvarar med målsetjingane i den regionale kulturpolitikken: