Infrastruktur:Intervjustudio: Me vil skaffa oss eit mobilt intervjustudio som me enkelt kan flytta rundt på brukarstader i heile fylket. Fyrst og fremst ynskjer me at bibliotek skal låna det for å skaffa seg erfaringar med minneopptak som nytt bibliotekstilbod. Målet vårt vil vera at flest mogleg bibliotek skaffar seg eige slikt utstyr, og me skal hjelpa dei praktisk og kompetansemessig med å få det til. Dernest ynskjer med å låna eller leige det ut til organisasjonar, bedrifter eller insitusjonar som ynskjer å gjera minneopptak f.eks. i samband med eit bedriftsjubileum. På sikt tenkjer me at utleige av utstyr kan vera ei av inntektskjeldene til ein permanent organisasjon. Men i prosjektperioden vil det viktigaste vera å skape interesse og engasjement rundt minnesamling.
Arkiv: Me skal fyrst og fremst påverka og samarbeida med den offentlege Arkiv-, biblioteks- og museumssektoren for å få oppretta eit ope offentleg arkiv for munnlege livsforteljingar og anna munnleg kjeldestoff. Men me skal ikkje venta på at det kjem på plass. Inntil vidare skal me idareutvikla den piloten som me har laga i "nettskya" saman med Dropbox.com og Vimeo.com (sjå Arkiv.Memoar.no). I løpet av året skal alle innbyggarar i Hordaland kunne avlevera munnlege forteljingar dit. når ein offentleg arkivstruktur er på plass skal så alt innhald i Arkiv.Memoar.no avleverast dit.
Publiseringskanal: Me ynskjer også at det offentlege skal eiga og drifta ei formidlingsteneste der folk sjølve kan publisera og dela sine forteljingar. Ei slik teneste er under utprøving i Sverige (Minnen.se) og fyrste versjon av ein norsk "tvilling" (Minne.no) kan bli lansert alt i september i år. Me vil fylgja nøye og gjerne samarbeida om utviklinga av Minne.no for å forsøka å få den utvikla slik at den dekkjer visjonen vår. Parallellt vil me vidareutvikla nettsidepiloten Memoar.no og dei ulike prosjektnettsidene (Sjofart.Memoar.no, Industri.Memoar.no,Motkultur.Memoar.no etc) både for å synliggjera visjonen vår og å prøve ut nye formidlingsidear saman med samarbeidspartnarar.
| Kompetanse:
Utviklinga av "oral history" som fag- og forskingsområde begynte for alvor med bandopptakaren på 1930-talet. Ho fekk nye oppsving med kasettspelaren på 1960-talet og særleg med alt det rimelege opptaks- og lagringsutstyret som kom med den digitale revolusjonen. Særleg har det skjedd mykje i USA, Storbritania og resten av den anglofone verda. Men i Noreg har innsamling av munnleg kjeldemateriale stort sett vore avgrensa til folkloristikk. Me ynskjer å arbeida for ei meir oppdatert forståing av munnleg historie. På søknadstidspunktet ynskjer me å arbeida for: Å utvikla ein debatt om forståing og prakisering av omgrepet "munnleg historie" Å utvikla og arrangera fleire slags kurs om munnleg historie: Standardiserte samtykkedokument: Kvalitetssikre dokumentasjonsmetode: Emneordstagging: Bruk i utstillingar: Geotagging: Publikumsarrangement: rmidling av munnlege forteljingar om levd liv. Erfarings- og kunnskapsdeling gjennom blogg.
| Organisasjon:
I
forprosjektperioden har det utvikla seg ein prosjektbasert
arbeidsmåte der Memoar samarbeider med andre organisasjonar og
verksemder i konkrete prosjekt, utan å gjera bygginga av Memoar i
seg sjølv til ei hovudsak. Dette har fungert bra så langt, men me
har ikkje avslutta diskusjonen om kva slags type organisasjon Memoar
skal utviklast til.
Prosjektorganisering: I
perioden skal me - saman med faglege, sivile og gjerne kommersielle
organisasjonar - utvikla fleksible og effetkive samarbeidsmåtar
gjennom minst seks minnesamlingsprosjekt med videointervju av
primærkjelder. På søknadstidspunktet arbeider me med desse
planane og samarbeidspartnarane:
Sjøfartsminne.Memoar:
Saman med Bergen Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening vil me
gjennomføra ein serie minneopptak med personar i Hordaland som
er/har vore del av nyare norsk sjøfartshistorie.
Industri.Memoar: Saman med
Norsk etnologisk gransking, fagrørsla og andre organisasjonar med
industrifokus vil me ta initiativ til ei større innsamling av
munnleg kjeldemateriale frå personar som har vore med på dei
store endringane i norsk industri i perioden 1945 til i dag.
Motkultur.Memoar: Me vil
vidareutvikla og formalisera eit påbegynt innsamlingsprosjekt der
ideen er å dokumentera minner om ulike undergrunnskulturar på
1960-,-70 og -80talet.
Livsforteljingar:
Me vil vidareutvikla eit prosjekt som me har begynt saman med
Bergen Bibliotek. Me har oppretta eit intervjustudio som alle
innbyggarar i Bergen kan nytta gratis. Me vil tilby kurs, intervju-
og dokumentasjonshjelp for organisasjonar og einskildpersonar som
ynskjer å gjere enkeltståande opptak av minner og
livsforteljingar i dette studioet. Me vil også arbeide for å
bringe denne ideen vidare til andre bibliotek i Hordaland.
Idrettsminne:
Saman med Sportsklubben Djerv og prosjektet Historietorget.no
ynskjer me å gjennomføre ein serie minneopptak med personar som
har vore/er del av masseidrettsrørsla i Hordaland.
Lokalhistorie:
På søknadstidspunktet er Memoar i dialog med offentlege og sivile
organisasjonar i to distriktskommunar om innsamling, dokumentering,
arkivering og eventuell publisering av lokalhistoriske minneopptak.
Desse dialogane handlar også om utvikling av formidlingformer, og
me kjem attende til dei nedanfor.
Krigsminne:
Memoar har blitt bedne om å tilgjengeleggjere ei samling
minneopptak med personar som var del av krigshistoria i Hordaland.
Dei fleste av desse forteljarane er borte, og dei kan ikkje gi sitt
samtykke til nettpublisering. Men opptaka vart gjort ut frå den
felles føresetnaden at dei skulle publiserast og på det
grunnlaget vil me digitalisera, dokumentera og publisera dei.
Å bygge fagleg og
organisatorisk nettverk i Hordaland: Dei
viktigaste partnarane er alt nevnte fleire gonger:
Biblioteks-,
arkiv- og museumstilsette, leiarar og tilsette i private
stiftingar, fond, organisasjonar og kulturnæringar, og heile
breidda av frivillige organisasjonar.
Forskarar,
akademikarar og kunstnarar er også viktige i det regionale
nettverket.
Bygge nettverk i Noreg: I
løpet av prosjektperioden treng me å utvikle relasjonar til og
evt. bli medlemmer av landsdekkande organisasjonar. Dette er ein
viktig del av arbeidet for å sikre at utviklinga i Hordaland sprer
seg til resten av landet.
Internasjonale kontaktar: I
løpet av forprosjektet har me innleidd kontakt me Oral History
Society i Storbritania og Oral History Association i USA. Me har
stor tru på at det vi vere nyttig å vidareutvikla desse
kontaktane.
Bygge ut Memoar som
sjølvstendig organisasjon.
|
|