Intervjustudio: Me vil skaffa oss eit mobilt intervjustudio som me enkelt kan flytta rundt på brukarstader i heile fylket. Arkiv: Me skal fyrst og fremst påverka og samarbeida med den offentlege Arkiv-, biblioteks- og museumssektoren for å få oppretta eit ope offentleg arkiv for munnlege livsforteljingar og anna munnleg kjeldestoff. |
Infrastruktur
27/7-17: Stor - men "usynleg" omlegging av nettsidestrukturen
I løpet av nokre lange sommardagar har me bygd om nettsidestrukturen på både publiseringssidene og internsidene til Memoar. Me valde å gjera det i fellesferien, ut frå den teorien at då var trafikken liten. Nokre problem har det nok skapt for eventuelle brukarar - men ingen har kontakta post@memoar for å klaga eller etterlysa sider. Kort fortald: Me begynte i si tid å byggja Memoar på domenet Memoar.org. Men ganske snart bestemte me at framtida skulle vera Memoar.no som "merkenamn". Me tenkte nok at me skulle bygga vidare på Memoar.org fram til det var på tide med ein re-design - og så byggja alt frå botnar på memoar.no. Men så har aktivitetane vakse så fort, at redesignjobben har blitt større og større, på same tid som me har vikla oss inn i inkonsekvente sidenamn, med hovudside på Memoar.org og prosjektsider på Memoar.no osb. Det me har gjort er å flytta all publisering over på Memoar.no-domenet. Inntil vidare ligg den gamle strukturen synleg med ei åtvaring og peikar til vidaresending til den nye på Memoar.org . Litt seinare på hausten skal me så gjera .org-domenet til eit organisasjonsdomene, med internsider, dokumentarkiv, framdriftsrapportar osb osb. Den største jobben med dette er å leggja om alle snarvegsadressene. Der er me pr. 28/7 enno ikkje ferdige. Alt fungerer nå frå menyen i hovudsida Memoar.no. Men eksempelvis er det ideen vår at alle personsider skal ha eiga adresse med Fornamn.Etternamn.Memoar.no - og det fungerer ikkje i dag. Men før me kjem til AUGUST SKAL DET VERA I ORDEN. |
12/6-17: Hordaland sitt andre intervjustudio opnar i Sund
SUND: 12.juni (2017) starta det andre
offentlege intervjustudioet i Hordaland. Frå no og dei næraste
vekene kan alle innbyggarane i Sund ta med seg slektningar, naboar,
arbeidskameratar eller kven det no enn er som har forteljingar det er
verd å ta vare på. Viss erfaringane er gode, vurderer biblioteket å
skaffa eige utstyr slik at intervjustudioet vert permanent. (Biletet:
Frå demonstrasjonen av Memoar sitt mobilstudio den 12/6).
Forankra i biblioteket. Truleg vert dei mest aktive brukarane biblioteket sjølve. Biblioteksjef Bente Fosse og assistent Lisbeth tek sjølve sikte på å gjennomføra intervju, og har ei spennande kandidatliste klar. Måndag 12/6 overtok dei Memoar sitt mobilstudio. I tillegg hadde dei invitert interesserte både frå kultureininga i Sund Kommune, Sund Sogelag, Nordsjøfartmuseet, Bygdeboknemnda og Memoarkontaktar i Sund til eit minikurs om minnesamling i samband med overtakinga. Erfaringane frå Bergen Bibliotek viser at hovudutfordringa med ei aktiv innsamling av munnleg historie nettopp er forankringa. I byen stiller biblioteket med lokale, medan organiseringa er forankra i den frivillige organisasjonen Memoar. Det fungerer, men det er klart at det er mykje betre om biblioteket sjølve har folk som kan og er motiverte for å samla forteljingar. Enkelt å gjera opptak: Utstyret berre ein bærbar PC og eit kamera. Nye brukarar får hjelp av Bente eller Lisbeth til å starta dei opp. Intervjuaren ser kamerabiletet på Pcskjermen framfor seg, og kan fylgja etter med å snu på kamera dersom forteljaren skulle bevega seg ut av biletet. Der er ein enkel meny i skjermbiletet med berre ein knapp - «Start opptak». Den byttar tekst til «Stopp opptak» når opptaket er i gang. I prinsippet er det berre denne eine knappen som intervjuaren treng å bry seg om. Det er i tillegg to lyskastarar som kan brukast på kveldstid. På dagtid er lystilhøva veldig gode i biblioteket. Kva skjer med opptaket? Tanken er jo å bygga opp ei samling av munnleg kjeldemateriale som kan bevarast for framtidige generasjonar i Sund. Men veldig mange intervju med lokale forteljarar er også interessante for samtida. I begge tilfeller er det viktig at opptaket vert sikra, at det kan delast – og at det er system på kven som har tilgang til ei kvar tid. Det er tre trinn i arkiverings-/delingsprosessen: Fyrst vert opptaket lagra i den lokale, bærbare PC'en. Straks intervjuaren trykker «Stopp opptak», startar ei automatisk opplasting av ein sikringskopi i den såkalla nettskya. I praksis skjer det inntil vidare til Memoar sitt Dropbox-arkiv. Intervjuar og forteljar kan ta ut ein kopi på minnepinne frå studioPC-en, eller få tilgang til sikringskopien i Dropbox slik at dei kan sjå opptaket på eigen PC. Trinn to er klargjering av opptaket for arkivering og eventuell publisering. Det er den mest arbeidskrevjande delen av arbeidet. Det må lagast ein søkbar tekst om kva intervjuet inneheld, og kor dei ulike sekvensane kan finnast (minutt og sekund frå start). Memoar er av den meining at det ikkje er naudsynt å skriva ut heile intervjuet i tekst – det er nok å laga ei stikkordsliste – medan andre held på «gamlemåten» med full transkripsjon. Dette trinnet må også innehalda ei etisk vurdering. Rettesnora her er vanleg presseetikk. Det kan vera naudsynt å ta ut ein og annan sekvens, for eksempel viss det vert sagt noko om ein tredjeperson som utløyser ein rett for henne/han til å ta til motmæle (tilsvarsrett). Det kan også vera aktuelt å «pynta litt» på opptaket – ta vekk litt tomsnakk o.l. Så sjølv om målet er mest mogleg autentisk kjeldemateriale, er det som regel rett å laga ein litt «strigla» publiseringsversjon. Eiga nettside om munnleg historie frå Sund? Tredje trinn er avlevering og eventuell publisering. Me ventar på ei avklaring om Fylkesarkivet vil ta mot munnleg historie. Memoar arbeider for oppretting av eit «munnleg nasjonalarkiv». Fram til dette er løyst på fylkes- eller riksplan, vil Memoar oppretthalda sitt mellombels arkiv. Det er forteljaren i kvart opptak som avgjer om publiseringsversjonen skal leggjast ut på internett. Viss ho/han gjer det, vil opptaket bli publisert på ein av dei store delingsplattformane (Vimeo eller YouTube). Derifrå vil det bli publisert på Memoar sine sider som får namnet Sund.Memoar.no. Truleg vil dei også bli publisert på Biblioteket sine sider. Drøftringane om å etablera ei eiga side med munnleg historie frå Sund er alt i gang – det kunne vera ein stad også for arkivet av lokalradiointervju. Kontaktperson på Sund Folkeboksamling er Bente Fosse – bente.fosse@sund.kommune.no. Kontaktperson i Memoar er Bjørn Enes - bjorn.enes@memoar.no |
29/5-17: Os sogelag gjennomfører sine fyrste opptak
I helgja 26-29 mai lånte Os Sogelag kamera, stativ og minnekort for å gjennomføra sine fytrste intervju. Opptaka er kopiert over på Os sogelag sin eigen disk og er ikkje lagra eller delte gjennom Memoar-arkivet. Sogelaget rapporterte at opptaket gjekk prob lemfritt teknisk sett, og er interesserte i fortsett samarbeid. Mellom anna skasl me drøfta kurs i Os over sommaren. |
24/5-17: Sund Bibliotek / Sund Sogelag gjer sine fyrste opptak
Onsdag 24. mai flytta Memoar sitt Drop-inn-studio frå Bergen til Os Folkebibliotek, og gjennomførte to intervjuopptak i samarbeid med biblioteket og kommunen si kultureining. Forteljarane var Johannes Høyland og Anna Jorunn Bjorøy. Avtalen vidare er at Bjørn Enes freå Memoar og Helge Bjorøy frå kommunen si kultureining skal breuka ein dag på etterarbeidet etter minst eitt av desse intervjua, før det skal haldast kurs for sogelag og andre interesserte. Sund Bibliotek skal også låna mobilstudio i eit par veker. Datoar vert bestemt seinare. |
22/3: Kva kostar eit bibliotekstudio?
I diskusjonane med kultureininga / biblioteket i Sund kommune, vart Memoar oppmoda til å gi eit råd om kva eit intervjustudio i Sund bibliotek bør kosta. Forslaget vil vera interessant også for andre, i tillegg til at det er interessant å diskutera. Bjørn Enes laga 22. mars fylgjande forslag: Ei enkelt bibliotekstudio bør innehalda:
Konklusjon:
|
16/1: "Eldprøve" for mobilstudio
Under eit tredagars kurs for tilsette i Bymuseet, vart mobilstudio brukt for fyrste gong. Tre veteranar frå Bergen Brannkorps vart intervjua i Bergen gamle brannstasjon. Heile "eldprøven" er gjennomgått i ein bloggpost i Framdrift.Memoar.no - og me viser til den heller å ta den opp att her. Om kort tid vil samarbeidspartnarar i Hordaland få tilbod om å låna/leiga mobilstudioet, eventuelt samaqn med eit introduksjonskurs. |
11/1-17: Intervjustudio i Bergen er no også redigeringsstudio.
Den 11. januar vart det avklart med Bergen Bibliotek at Studio 1 nå også skal kunne brukast til redigering i WeVideo.com. Det er oppretta same brukar på maskin 1 ("musikkmaskinen") som på intervjumaskinen. Rutinane blir slik: 1. Redigering i Studio 1: Bjørn orienterte om at Memoar nå har etablert avtale med WeVideo.com som er ei skyteneste som gir adgang til redigering av video. Denne avtalen kompletterer avtalene med Dropbox.com og Vimeo.com og gir fylgjande rutinar:
memoar skal ha fyrste kurs om dette tysdag 17/1. Bjørn ynskte ei avklaring på om maskin 1 ("musikkmaskinen") i Studio 1 kan brukast til redigering i WeVideo. Det vart avtalt, og same brukarkonto som på maskin 2 ("Intervjumaskinen") var oppretta. Brukar er Memoar, passordet det same på begge maskinane. Bjørn |
9/11: Forsøk med teiknspråkleg intervju.
Teiknspråk er eit viktig minoritetsspråk i Noreg, og minneintervju på teiknspråk kan vere ein viktig måte å sikre historiane til den gruppa med døve som vaks opp før internett og mobiltelefonane si tid. me kjem attende til utviklinga av eit slikt prosjekt. Her skal me bnerre fortelje om eit teknisk forsøk me gjorde den 9/11: Me brukte studio 1 i Bergen Bibliotek. Der er det jo berre eitt kamera, medan ein føresetnad for å kunne gjennomføre eit teiknspråkintervju på video er jo at ein også ser intervjuaren. me sette derfor opp eit kamera til inne i studio. Alle som har arbeidd med to kamera, veit kor lett det er å tenkje feil slik at ein får såkalla aksebrot - og den tqabben gjorde me også i det fyrste forsøket. Dermed er både intervjuar og intervjuobjekt plasserte i samae biletkant. men så har me lært det! Slik vil ei korrekt oppstilling av kamera vere når me skal gjera dette "på alvor." Under testforsøket 9/11 gjorde med også eit forsøk med simultan-tolking. Det vil seie at forteljar og intervjuar hadde kvar sin døvetolk som oversette det dei sa slik at det kom inn på same videoopptak. Dette gjrode opptaket svært levande når ein tenkjer på at det skal gjerast tilgjengeleg for folk som ikkje kan døvespråk. Me diskuterte om det alltid burde gjerast slik at dpøvetolkar er med under minneopptak på teiknspråkl, men kom fram til at det ikkje burde vera slik. Studioopptak vert best når berre intervjuar og forteljar er til stade - det vil sjølvsagt også gjelde teiknspråkintervju. men oversetjing kan leggjast på etterpå. Kanhende er det interessant for Høgskulen på bruke slike intervju som øvingsoppgåver for studentar på døvetolk-studiet? Unsett: Dette teiknar til å bli eit veldig spennande arbeidsområ\det i tida framover! |