lagt inn 23. mars 2017, 03:07 av Bjørn Enes
[
oppdatert 23. mars 2017, 04:13
]
I diskusjonane med kultureininga / biblioteket i Sund kommune, vart Memoar oppmoda til å gi eit råd om kva eit intervjustudio i Sund bibliotek bør kosta. Forslaget vil vera interessant også for andre, i tillegg til at det er interessant å diskutera. Bjørn Enes laga 22. mars fylgjande forslag:
Ei enkelt bibliotekstudio bør innehalda: - Eit kamera. Eg vil tilrå eit kamera med god lydinngang for ekstern mikrofon, evt. svært gode kameramikrofonar. Lyden er på mange måtar viktigast i dette formatet. Me har svært gode erfaringar med Zoom Handcam y Q 8, av di det både fungerer mobilt og i studio. Det kostar ca 4.000,-
- Mikrofon: Mi erfaring er at med Q8 fungerer kameramikrofonen så godt at det ikkje trengst ekstern mikrofon.
- Minnekort: Dersom kamera skal brukast mobilt - og det bør det avbsolutt setjast opp for - må det ha eit stort minnekort. Prisane på slik er i fritt fall: Bør kanskje rekna 600,- for eit godt 64 gb kort.
- PC/Mac: På biblioteket i Bergen er kamera og mikrofon knytta til ein Imac som vel kostar ca 14.000,- Etter mitt syn er det litt som å skyta spurv med kanoner, men dette kunne eg gjerne tenkja meg Helge sitt syn på. Det fungerer strålande på biblioteket. Men til Memoar sitt mobilstudio har me nøyd oss med ein billig-PC til 3000,- kroner. me har ikkje brukt han nok til å vera sikre på korleis han fungerer.
- Programvare - opptak: I Bergen brukar med Open Broadcast Software som er gratis. Det gjer det mogleg å leggja opptaka rett i Dropbox Til vårt mobilstudio brukar me overføringsprogammet Handy Share som er tilbehør til Q8-kamera og altså også "gratis".
- Lagringsplass: Me lagrar i "nettskya", for vår del i Dropbox.com. Det har mange fordelar, viktigast er sikkerheit/backups. Nest viktigast er at det vert veldig enkelt å samarbeida om etterarbeidet når råstoffet alltid er tilgjengeleg. Me har ein non-profit-lisens som gir oss tilgang til 5Tb lagringsplass (ca. 2500 timar intervju). Det kostar oss 480 Euro/år.eller ca 4.000,- Memoar meiner at ein slik lisens kan delast mellom fleire brukarar - me tek gjerne mot "leigebuarar"
- Studiolys og bakgrunn: I Bergen har me kjøpt ei pakke med lys, stativ og duk for studiobakgrunn og greenscreen for omlag 4.-500. Me handla frå Teodora . I praksis brukar me berre lysa - ein einsfarga vegg fungerer fint som bakgrunn i biblioteket, og mobilt fungerer som regel miljøet sjølv som ein god bakgrunn. Det burde halda med 3.000,- max til lys.
- Enkel redigering: Me brukar net nettbaserte programmet Wevideo.com der me har ein nonprofit-lisens som kostar oss 250 USD/år (ca 2700,- med mva).
Konklusjon:
Kamera med godt lydsystem: 4.000,- Mikrofon: ikkje naudsynt Minnekort 600 Programvare - optak gratis Studiolys 3.000,- PC eller Mac 3.000 - 14.000 Minimumsinvestering: 10.600,- 21.600 - avhengig av maskinløysing.
I tillegg vil eg tilrå lisensar:: Arkivplass i nettskya: 1.000 - 4.000 /år, avhengig av spleiselag Proramvare - redigering 900 - 2700,/ år, avhengig av spleiselag
Dette kan bli oppfatta som "provoserande billig" i mange fagmiljø. Det er derfor veldig interessant å få inn kritiske kommentarar, slik at me kan få prøvd dei ut. Skriv gjerne til bjorn.enes@memoar.no
|
|