Kompetanse
Memoarkonferansen 2018
Då er det avklart: Ambisjonen om å arrangera ein konferanse for å styrka samarbeidet mellom ulike organisasjonar og fagmiljø sitt arbeid med munnleg historie, vert realisert alt i 2018. Datoen vert laurdag 17. februar. Mearrangørar vert UiB/Kulturvitskap, Bergen Byarkiv og Bergen offentlege Bibliotek. Programmet er enno under utvikling, men 1. november skal den offisielle invitasjonen og "call for presentations" gå ut. Det teiknar til å bli både ein Hordalands- og ein landskonferanse. Dette er i samsvar med Memoar sin visjon om å gjera Hordaland til eit foregangsfylke når det gjeld munnleg historie i Noreg. I staden for å gjenta informasjonane om framdrifta, kan me visa til konferansenettstaden Memoarkonferansen.no. (Konferansen har fått eiga nettadresse på grunn av amvbisjonane om gjera han til ei årvisshending). |
18/8-17: Ny bloggpost om munnleg historie som immateriell kulturarv.
Bjørn Enes publiserte ein ny bloggpost der han argumenterer for at munnleg historie om industri og sjøfart er immateriell kulturarv, på same måte som munnleg historie frå jordbruket er det. Målgrupa for posten er fagmiljøa som arbeider med immateriell kulturarv. Me ser på denne diskusjonen som viktig av fleire grunnar. For det fyrste meiner me at det er ein ubalanse i forhold til mange andre land i den vekta fagmiljø innan historie og kulturvitskap legg på munnleg histoire. Det vert reflektert i ABM-sektoren ved at det er langt mellom dei store munnleg historie-prosjekta. Det største spørsmålet er avleveringspørsmålet: UItan at fagmiljøa krever det, er det vanskeleg å argumentera for at det skal etablerast avleveringsstader for munnleg historie i form av dokumenterte videoopptak enten det er på på lokal-, fylkes- eller riksplan. Du finn bloggposten her: https://memoar-framdrift.blogspot.no/2017/08/immateriell-industri-og-sjfartskultur.html |
27/1-17: Oppsummering av pilotkurs i samarbeid med Bymuseet
I dagane 9., 16 og 26. januar 2017 gjennomførte sju medarbeidarar i Bymuseet og Bjørn Enes frå Memoar samlingar etter eit "intensiv-opplegg" av Memoar sitt introduksjonskurs til praktisk arbeid med munnleg historie. Det gjekk kort ut på: Dag 1: Presentasjonsrunde. Gjennomgang av presentasjonen «Munnleg historie – kva og kvifor?» (vedlagt) Presentasjon av kamera og mobilt studio. Førebuingar av tre intervju som var planlagte til dag 2. Dag 2: Intervju med brannmennene Tor Ivar Hjelmeland, Einar Gjessen og Øyvin Konglevoll. Kvart intervju vart gjennomført av to kursdeltakarar, med dei andre som publikum. Etterpå visde det seg at det ikkje var lyd på opptaket med Einar Gjessen – ingen hadde lagt merke til at det ikkje var utslag på Vumeteret (lydmålaren) av di mikrofonvolumet sto i null. Feilen vart retta opp ved at to av deltakarane - Lars og Christine - gjorde intervjuet med Gjessen omatt i Biblioteket sitt studio før siste samling. Dag 3: Kort drøfting av erfaringane frå opptaksdagen. Gjennomgang av presentasjonen «Dokumentasjon» (vedlagt), Praktisk øving med og diskusjon om dokumentasjon av 15 minutt av intervjuet med Gjessen. Demonstrasjon av redigeringsprogrammet WeVideo.com, demonstrasjon av emneordstagging, QR-koding og geotagging/formidling gjennom vandringsruter. Evaluering. Presentasjon av Studio 1 i Bibliteket. Evalueringsdiskusjonen var kort, men svært innhaldsrik og interessant. Eg oppfatta fylgjande råd for seinare kurs:
Me hadde ein svært interessant diskusjon om det kan tenkjast at ein dokumentasjonsmetode kan brukast både på munnleg kjeldemateriale som skal vera offentleg tilgjengeleg, og på munnleg materiale som skal magasinerast for seinare bruk i Bymuseet si formidling. For Memoar er det svært interessant å vidareutvikla den dokumentasjonsmetoden me nyttar slik at den også tilfredsstiller museumsfaglege krav. Det er kostnadseffektivt, og det opnar for såkalla citizen science i museumssektoren. Me hadde også ein interessant diskusjon om ein teknisk idé om "metatagg" av tidskodar i videofilar, altså at det kan leggjast inn søkbare tilleggsinformasjonar og kommentarar på bestemte stader i sjølve filmen. I Memoar sin metode vert slike ting lagt i eit tekstdokument som vert publisert saman med videofila. Det er svært interessant å drøfta med utviklarar av videoredigeringsprogram om det kan leggjast inn i sjølve videofila. Kurset vart avslutt med eit besøk i Studio 1 i Bergen hovudbibliotek, der me raskt gjekk gjennom korleis opptak kan gjerast og korleis Studio 1 kan nyttast til redigering. Memoar tilbyr Bymuseet å bruka av våre Dropbox- og WeVideolisensar inntil vidare. Når samla aktivitet sprenger Memoar sine abonnementsavgrensingar (5Tb arkivvolum, 50 timar rendring/mnd, 50 redigeringslisensar og 250 Gb redigeringsvolum) må me enten auka fellesvolumet eller så må Bymuseet vurdera eigne lisensar. Vidare samarbeid? For underteikna har pilotkurset vore eit svært interessant, lærerik og ikkje minst triveleg arbeid. Memoar er open for å vidareutvikla dette samarbeidet både om
Med dette vil eg takka hjarteleg for dette samarbeidet, Me har jo vore samde om at Bymuseet ikkje skal betala noko av Memoar sine kostnader med dette, og me vonar Bymuseet er nøgd med gevinsten av dei 21 dagsverka som tilsette i Bymuseet har lagt inn i det! Bergen 27/1 2017
Beste helsing Bjørn Enes, kursansvarleg / leiar av Memoar.
|
15/11-16: Ny bok om minneteori frå Ingar Kaldal
Professor Ingar Kaldal (NTNU) kjem i november -16 med boka "Minner som prosesser i sosial- og kulturhistorie" på Cappelen forlag. Dette er ei viktig hending i utviklinga av munnleg historie og minnekultur i Noreg. Forlaget presenterer boka slik:
Ingar Kaldal er historikar og leiar av nettverket "Arbeidsarven". Han var fagleg rettleiar under forprosjektet til Industri.memoar.no, og han har også sagt ja til å ha denne rolla når hovudprosjektet kjem i gang. Mykje av hans arbeid er publisert på hans eiga nettside Kaldal.net |
14/11: Diskusjon om kompetanseutvikling saman med større museum
Memoar har i dag foreslått eit konkret samarbeid med eit større museum i Hordaland. Forslaget er resultat av ein disusjon over telefon i førre veke. Det går kort fortald ut på eit pilotprosajekt alt i haust der ei gruppe museumstilsette (max 10 stk) gjennomfører eit ein-dags introduksjonskurs til munnleg historie og minneintervju, ein dag med intervjuopptak (tre intervju) og ein kursdag om etterarbeid. Memoar har tildbode å dekkja alt dette over budsjettet for Krafttak Hordlaland. Den andre delen av forslaget er så eit femdagars kurs i 2017 med fylgjande innhald:
(Men me kan ikkje dekkja pilotprosjekt for meir en eitt museum, så skulle fleire vere interesserte også i den delen, må me ha inn kr. 10.500,- sor tilsvarande tredagars-prosjekt) |
Nytt kurs og erfaringsutveksling 12 NOV.
Etter oppslaga i BT og NRK har det kome ein del ny medlemmer som også etterlyser kurs. Eg har gjort avtale med Biblioteket om nytt kurs 12. NOV. |