lagt inn 13. nov. 2016, 23:36 av Bjørn Enes
Memoar har i dag foreslått eit konkret samarbeid med eit større museum i Hordaland. Forslaget er resultat av ein disusjon over telefon i førre veke. Det går kort fortald ut på eit pilotprosajekt alt i haust der ei gruppe museumstilsette (max 10 stk) gjennomfører eit ein-dags introduksjonskurs til munnleg historie og minneintervju, ein dag med intervjuopptak (tre intervju) og ein kursdag om etterarbeid. Memoar har tildbode å dekkja alt dette over budsjettet for Krafttak Hordlaland.
Den andre delen av forslaget er så eit femdagars kurs i 2017 med fylgjande innhald:
Introduksjon
- litt teori om munnleg historie og minnekultur (oral history). Litt
om verktøyet (studio, opptaksutstyr, redigerings- og
lagringsutstyr) og litt om bruk av munnleg historie i formidling,
forsking etc.
Intervjuet:
Teori og praksis om oral history intervju (til forskjell frå
journalistiske o.a. intervju).
Dokumentasjon:
Teori og praksis om etterarbeidet: Korleis gjere munnleg materiale
søkbart. Emneordlister og videotagging. Enkel redigering. Lagring
og opplsting til arkiv.
Bruk
av munnleg materiale i formidling, forsking, redaksjonelle og
kunstneriske produksjonar. Vandringsruter og QR-koding i
utstillingar.
Museet og munnleg historie: Korleis kan alt me har lært omsetjast til
konkrete prosjektplanar for dei næraste åra.
Memoar må ha inn kr. 35.000,- for å kunne gjennomføre eit slikt kurs. Denne prisen vil også gjelde for andre museum i Hordaland som måtte vere interesserte i det same. (Men me kan ikkje dekkja pilotprosjekt for meir en eitt museum, så skulle fleire vere interesserte også i den delen, må me ha inn kr. 10.500,- sor tilsvarande tredagars-prosjekt) |
|