I dagane 9., 16 og 26. januar 2017 gjennomførte sju medarbeidarar i Bymuseet og Bjørn Enes frå Memoar samlingar etter eit "intensiv-opplegg" av Memoar sitt introduksjonskurs til praktisk arbeid med munnleg historie. Det gjekk kort ut på: Dag 1: Presentasjonsrunde. Gjennomgang av presentasjonen «Munnleg historie – kva og kvifor?» (vedlagt) Presentasjon av kamera og mobilt studio. Førebuingar av tre intervju som var planlagte til dag 2. Dag 2: Intervju med brannmennene Tor Ivar Hjelmeland, Einar Gjessen og Øyvin Konglevoll. Kvart intervju vart gjennomført av to kursdeltakarar, med dei andre som publikum. Etterpå visde det seg at det ikkje var lyd på opptaket med Einar Gjessen – ingen hadde lagt merke til at det ikkje var utslag på Vumeteret (lydmålaren) av di mikrofonvolumet sto i null. Feilen vart retta opp ved at to av deltakarane - Lars og Christine - gjorde intervjuet med Gjessen omatt i Biblioteket sitt studio før siste samling. Dag 3: Kort drøfting av erfaringane frå opptaksdagen. Gjennomgang av presentasjonen «Dokumentasjon» (vedlagt), Praktisk øving med og diskusjon om dokumentasjon av 15 minutt av intervjuet med Gjessen. Demonstrasjon av redigeringsprogrammet WeVideo.com, demonstrasjon av emneordstagging, QR-koding og geotagging/formidling gjennom vandringsruter. Evaluering. Presentasjon av Studio 1 i Bibliteket. Evalueringsdiskusjonen var kort, men svært innhaldsrik og interessant. Eg oppfatta fylgjande råd for seinare kurs:
Me hadde ein svært interessant diskusjon om det kan tenkjast at ein dokumentasjonsmetode kan brukast både på munnleg kjeldemateriale som skal vera offentleg tilgjengeleg, og på munnleg materiale som skal magasinerast for seinare bruk i Bymuseet si formidling. For Memoar er det svært interessant å vidareutvikla den dokumentasjonsmetoden me nyttar slik at den også tilfredsstiller museumsfaglege krav. Det er kostnadseffektivt, og det opnar for såkalla citizen science i museumssektoren. Me hadde også ein interessant diskusjon om ein teknisk idé om "metatagg" av tidskodar i videofilar, altså at det kan leggjast inn søkbare tilleggsinformasjonar og kommentarar på bestemte stader i sjølve filmen. I Memoar sin metode vert slike ting lagt i eit tekstdokument som vert publisert saman med videofila. Det er svært interessant å drøfta med utviklarar av videoredigeringsprogram om det kan leggjast inn i sjølve videofila. Kurset vart avslutt med eit besøk i Studio 1 i Bergen hovudbibliotek, der me raskt gjekk gjennom korleis opptak kan gjerast og korleis Studio 1 kan nyttast til redigering. Memoar tilbyr Bymuseet å bruka av våre Dropbox- og WeVideolisensar inntil vidare. Når samla aktivitet sprenger Memoar sine abonnementsavgrensingar (5Tb arkivvolum, 50 timar rendring/mnd, 50 redigeringslisensar og 250 Gb redigeringsvolum) må me enten auka fellesvolumet eller så må Bymuseet vurdera eigne lisensar. Vidare samarbeid? For underteikna har pilotkurset vore eit svært interessant, lærerik og ikkje minst triveleg arbeid. Memoar er open for å vidareutvikla dette samarbeidet både om
Med dette vil eg takka hjarteleg for dette samarbeidet, Me har jo vore samde om at Bymuseet ikkje skal betala noko av Memoar sine kostnader med dette, og me vonar Bymuseet er nøgd med gevinsten av dei 21 dagsverka som tilsette i Bymuseet har lagt inn i det! Bergen 27/1 2017
Beste helsing Bjørn Enes, kursansvarleg / leiar av Memoar.
|
Kompetanse >