17-01-12 - Møte med Sverre Helge Bolstad og Lars Christian Bjørknes.
Møtet vart helde i Studio 1 etter initiativ frå Bjørn. Møtet resulteterte mellom anna i fylgjande: 1. Redigering i Studio 1: Bjørn orienterte om at Memoar nå har etablert avtale med WeVideo.com som er ei skyteneste som gir adgang til redigering av video. Denne avtalen kompletterer avtalene med Dropbox.com og Vimeo.com og gir fylgjande rutinar:
memoar skal ha fyrste kurs om dette tysdag 17/1. Bjørn ynskte ei avklaring på om maskin 1 ("musikkmaskinen") i Studio 1 kan brukast til redigering i WeVideo. Det vart avtalt, og same brukarkonto som på maskin 2 ("Intervjumaskinen") var oppretta. Brukar er Memoar, passordet det same på begge maskinane.
2. Intervju som del av kvardagsintegrering. Sverre Helge orienterte om eit større prosjekt om kvardagsintegrering som Biblioteket har fått midler til frå Gjensidigestiftelsen. Han spurde om eit samarbeid om det kunne vera interessant for Memoar. Bjørn stadfesta at ideen om eit eige prosjekt for å samla immigrantforteljingar hadde stått på lista til Memoar heilt frå starten, og at det er veldig interessant å gå med i noko slikt. Eit nærliggande forslag er å bruke Studio 1 og mobilstudio, redigeringsløysing, publisering på Memoar.no og/eller ei eiga nettside og arkivering i samarbeid med Norsk etnologisk gransking og/eller Byarkivet (evt. Fylkesarkivet). Konklusjonen vart at Sverre Helge tar initiativ til eit møte med prosjektleiar for Gjensidige-prosjektet.
3. Prosjekt - Nasjonalbiblioteket: Sverre Helge reiste spørsmålet om eit samarbeidsprosjekt mellom Memoar og Bergen Hovudbibliotek i samband med Nasjonalbiblioteket si utlysing av utviklingsmidler (frist 17/2). Me diskuterte, og skisserte fylgjande idé: Bakgrunn: Munnleg historie (oral history) har vakse fram saman med opptaksteknologiane (voksrullar - magnetofon - bandspelar - kasettspelar - videospelar - digitale opptakarar). I mange land er feltet stort både som dokumentasjon, forsking, formidling og ikkje minst som som arbeidsområde for frivillige og frilans "oral historians". I USA finst det største arkivet i Librafy of Congress. I Storbritania finst det største arkivet i British Library. I Noreg har det vore samla tekstar som det er naturleg å gruppera saman med "oral history", primært i Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga. Men det finst ikkje noko sentralt arkiv eller formidlingsløysing for munnleg historie / minnesamlingar i lyd- eller videoformat. våre erfaringar frå Bergen viser at biblioteket også i Noreg er det naturlege forankringspunktet for munnleg historie. Ambisjonen med prosjektet vårt er å vidareutvikla, prøva ut og kvalitetssikra ein struktur for munnleg historie i Hordaland som eventuelt kan bli ein "prototype" for ein framtidig nasjonal struktur.
Infrastruktur: Kort om erfaringane med samarbeidet mellom Biblioteket, Memoar, Sjøfartsmuseet, Bymuseet og Byarkivet. Skisse av nåværande struktur (omlag som pkt 1 i dette referatet). Vise at bruk av "hyllevarer" (Dropbox, Vimeo, WeVideo) kan få kostnadane kraftig ned og frigjere kostnader til innhaldsarbeidet (intervju, dokumentasjon og formidling): Mål: Vidareutvikla, effektivisera og kvalitetssikra strukturen, bygga han ut med fleire bibliotek/museum/lokalarkiv, fleire frivillige organisasjonar, frilansarar og private verksemder.
Kompetanse: Utvikla og beskriva minneintervjuet med video som sjanger / format. Utvikla, kvalitetssikra og beskriva dokumentasjonsmetodar med stikkord, emneord og tidskodar som gjer lange videoopptak søkbare og "klikkbare". Geotagging som ein del av metadatastrukturen. Utvikling utprøving og beskriving av arkiveringsformat, mappestrukturar eg kunnskapsorganisering som og kan skalerast opp til nasjonalt format. Utvikling, utprøving og beskriving av formidlingsmåtar for munnleg historie, både i form av publikumsarrangement og digitale formidlingsformat (mellom anna vandrigsruter).
Organisasjon: Utvikla, prøva ut, (formalisera?) og beskriva samarbeidsformer om munnleg historie og minnekultur, fyrst mellom Biblioteket, Memoar, Sjøfartsmuseet/Bymuseet og Bergen Byarkiv. Utvida denne organiseringa til fleire bibliotek, musé, organisasjonar, verksemder og frilansarar i Hordaland. Reisa spørsmålet om å formalisera ei slik organisering etter liknande prinsipp som Oral History Society i Storbritania.
Produksjon: All erfaring fram til no viser at det mest effektive utviklingsarbeidet går parallellt med eller som ein del av "produksjonen" - det vil seie det konkrete arbeidet med å førebu, avtala og gjennomføra opptak, dokumentera opptak og redigera publiseringsversjonar, arkivbygging og formidling. Me ynskjer at dette utviklingsprosjektet og skal ha rom til at dei som driv utviklingsarbeidet også skal ta del i konkret produksjon, fyrst og fremst i samand med Biblioteket sitt prosjekt kvardagsintegrering.
Me konkluderte med at fyrste steg i utviklinga av søknad til Nasjonalbiblioteket skulle vera at Bjørn formulerer prosjektideen i skisseformat. Med formuleinga over er dette steget utført. Neste steg blir kommentar frå Sverre og ein kontakt om vidare utvikling.
4. Lufting av idé om samarbneid med NAV I samband med at Sverre nemnte eit snarleg samarbeidsmøte med NAV, ba Bjørn om å få fortelje om ein idé han hadde med seg frå eit besøk i Cork, Irland: (Sjå Rapport frå studiereise til Cork Folklore Project): Sidan 1996 har det pågått eit samarbeid mellom University College Cork (UCC), Department of Social Protection (sosialdept) og Northside Community Enterprises Ltd (NCE), eit arbeidsmarkanadstgiltak (initiert av kyrkja) som driv med omskulering, bedriftsutvikling og andre arbeidsmarknadstiltak.
Langtidsledige (som dette høver for) får tilbod om midlertidig prosjekttilsetjing som intervjuarar i Cork Folklore Project. Dei arbeider saman med studentar i etnologi og folkloristikk som arbeider med barchelor- eller masteroppgåver. Dei har ein dagleg leiar som er tilsett av NCE, ein fagleg rettleiar som er tilsett i UCC (25%) - og sjølve er dei betalte av Dept. for Social Protection.
Me snakka ikkje med Social Protection då me var på besøk. Men i fylgje fagleg rettleiar, instituttleiar på UCC og prosjektdeltakarane sjølve, fungerer dette samarbeidet så godt for alle partar at det ikkje er på tale å endre på det på noko vis. For NAV bør det vera interessant at dei hevda at resultata frå dette prosjektet er betre enn svært mange andre, sjølv om svært få har kome ut av prosjektperioden som profesjonelle "oral historians". Effektane dei nemnte var: Læring og praktisk bruk av data, arkivbygging, teamarbeid, samfunnskunnskap og motivasjon. Særleg viktig var at arbeidet som intervjuar og "forskar" gav eit veldig motivasjons- og sjølvtillitsløft.
Dei (UCC og dagleg leiar av CFP) ville veldig gjerne kome til Bergen for å fortelja om erfaringane. Bjørn sin idé om dette var at ein liknande konstellasjon kunne vera veldig spennande i samarbeid mellom NAV, Biblioteket, UiB/Kulturvitskap og Memoar. Det ville kunne styrka begge dei prosjekta som er nemnt over. Eg tek også med her - sjølv om det ikkje vart nemnt under møtet - at ei innsamling av munnleg historie av og om langtidsledige oljearbeidarar vil kunne være av veldig stor verdi som samtidsdokumentasjon. Viss mogleg, presenterer Bjørn gjerne denne ideen for NAV.
Det er det eg kallar eit godt møte.
12/1-16
Bjørn
|
Organisasjon >