Som det vart signalisert i søknaden i 2016, rekna Memoar med at det vil trengast meir enn eitt år for å byggja opp infrastruktur, kompetanse og organisasjon rundt munnleg historie i Hordaland. Men me søkte likevel berre om eitt år i fyrwste omgang. Bakgrunnen var at me ynskte å demonstrera både for kulturadministrasjonen i Fylkeskommunen og for kulturpolitikarane at det er substans i det me arbeider med. Den fyrste juni 2017 leverte me den fyrste framdriftsraporten. Den omhandlar arbeidet med det kulturelle utviklingsprosjketet i fyrste halvår, frå me fekk løyvinga på 200.000 i måpnadsskiftet oktober/november 2016 og fram til slutten av mai 2017. Du finn framdriftsrapporten under hovudmenypunktet Rapportering . Utanom framdriftsrapporten besto søknaden av eit førebels rekneskap for fyrste halvår, ein plan og eit budsjett for resten av 2017 og 2018. Du finn alle som under punkt under Framdrift |
Organisasjon >