I På styremøte for sommaren bestemte Memoar å gjera eit arbeid for å styrka organisasjonewn i hauyst. I løpet av sommaren utvikla me ei presentasjonsbrosyre. Den vart trykt opp i 1000 eksemplar, Me skrev til alle som har blitt intervjua til no i Krafttaket og til dei som elles har vore involvert i minnesamlingsarbeid der me oppmoda dei både til å teikna seg som medlemmer sjølve, og til å spreia brosjyrer til andre som kan tenkjast å vera interesserte. Desse breva gjekk ut 19/8. Ved starten på denne kampanher Memoar 18 medlemmer. Styremøtet drøfta spørsmålet om kven me eigentleg ynskjer å ha som medlemmer, og definerte fire grupper: - Forteljarar: Alle dei personane som deler sine forteljingar med samtid og/eller ettertid gjennom å la seg intervjua, er ynskte som medlemmer. - Minnesamlarar: Personar som engasjerer seg eller tenkjer å engasjera seg i minnesamling, er ynskte som medlemmer. Desse vil vera margen i ein organisasjon for munnleg historie. Det må vera eit stort innslag av frivillige minnesamlarar, men me ynskjer og å utvikla og knytta til oss profesjonelle som kan og vil gjera det til eit levebråd å arbeida med munnleg historie. - Fagpersonar som vil vera med å arbeida fram ein norsk organisasjon for munnleg historie: Tilsette i bibliotek, musé og arkiv, Akademikarar og forskarar, særleg innanfor historie og kulturvitskap. Lokal-, bedrifts- og slektshistorikarar og andre som arbeider med munnleg historie i andre organisasjonar og institusjonar enn Memoar, men som ser ein verdi av å ha ein organisasjon med munnleg historie som hovudfokus. - Og til sist: Personar som ynskjer å støtta Memoar utan å villa eller kunna engasjera seg aktivt. Det fyrste brevet som gjekk ut 19/8 gjekk til 65 personar i dei to fyrste gruppene. |
Organisasjon >